Edøy gamle kyrkje

Etter alt å døme var den opphavlege kyrkja det som i dag er koret. Seinare vart den fremre delen av kyrkja bygd til. I eit skriv frå 1695 står det at kyrkja er blitt forlenga med 7 alen.
Den 14. januar 1887 slo lynet ned i kyrkja slik at ho brann ned til grunnen. Altartavla, to lysestakar, ein krakk og ein disk vart berga. Altartavla vart ført til Nordmøre museum i Kristiansund, der ho vart øydelagt under bombinga av byen i april 1940.
Fram til 1946 låg kyrkja i ruinar. Under 2. verdskrigen nytta tyskarane ruinane som lager for m.a. ammunisjon. Då kyrkja vart bygd oppatt, var det umogleg å få bunkeren under koret, og denne vart difor brukt som kyrkjegolv. I dag er bunkeren ein av dei få bunkerane som er freda i Noreg.
Restaureringsarbeidet byrja rett etter krigen, og i 1950 vart kyrkja innvigd. Arkitekt for restaureringa var John Tverdahl. Arbeidet tok til etter ei større pengegåve frå Eilert Hagerup i Trondheim. Han ga også kyrkjeklokkene, som er stemt i E og G etter hans foreldre Eilert og Guri.
Kyrkja vart pussa opp på nytt til 800-årsjubileet i 1990. Då fekk kyrkja nytt orgel.
(Kjelde: Annies gjestekro, Smøla).

Kommune: 
Institusjonskategori: