Drøppingtunet

Drøppingtunet ligg midt i Tingvoll sentrum og er dei resterande bygningane frå den første moderne handelsstaden i Tingvollvågen. Her har det vore drive handel sidan slutten av 1800-talet. Familien som opphavleg eigde heile tunet, dreiv bokhandel og godsekspedisjon fram til 1993. Etter den tid stod husa delvis tomme, men dei siste åra har Drøppingtunet vore sentrum for kommunen sitt arbeid med tettstadutvikling, miljøgate og møteplassar. Bygningane er no fylde av yrande liv!
Her er økologiske landhandel, ein bokhandel og ein liten kafé kor det vert servert økologisk suppe under slagordet "suppe i sentrum".
Kunstlaget held til i første etasje med sine utstillingar. I andre etasje er det møteplass for det friviljuge livet i kommunen med husflidslaget i spissen. I kjellaren held ungdomen hus.
(Kjelde: Riksantikvaren 2003)

Kommune: 
Institusjonskategori: