Dollsteinhola

Det vert diskutert om hola kan ha endra seg. I dag ser ho ut som ei kløft der botnen skrånar omlag 45 gradar til han flatar ut 30m lågare. Innafor opninga utvidar hola seg, mest vertikalt, men også ein del i breidda. Lenger inne ligg ei steinur som deler hola i to. Det er mogleg å ta seg gjennom denne steinura til inste delen av hola. Han er i til liks med første delen omlag 10m brei og svært høg og kan minne om ei kyrkje. Total lengd er omlag 185m. Det vert fortalt at det har vore både sunge, tala og messa her. For få år sidan hadde eit lokalt kor ein konsert i denne "kyrkja". Det var ei mektig oppleving for dei som var til stades. Overalt på veggane har folk rissa inn namn og datoar frå langt tilbake i tida.
Dei siste åra har det vore arrangert guida turar til hola. Frå Skare går ein merka stig langs sjøen i litt ulendt terreng. Her står storhavet rett på. Turen ned i hola går stort sett greitt, men gjennom steinura må ein både klatre og krype. Ein bør ikkje vere plaga av klaustrofobi, og livmålet må ikkje vere for stort. Ein treng godt fottøy sidan terrenget er ulendt og til tider vått. På grunn av krypinga må kleda tole å bli både våte og tilgrisa.
(Tekst/bilete: www.sandsoy.no).

Kommune: 
Institusjonskategori: