Brudavolltunet

Brudavolltunet er eit gardstun frå første halvdel av 1800-talet. Tunet inneheld våningshus med loft, kårstove med eldhus, stabbur, løebygning med fjøs, truskarhjulhus med mura vassrenne og ei gardssmie. Museet har ei rik samling av gamle gardsreiskap og andre tidstypiske bruksting for hus og heim. Den vakre hagen, anlagt i 1830-åra, er fylt med bær- og frukttre, blomar og prydbusker, ulike urtevekstar og små og store tre av mange slag. I tunet og rundt garden er det flotte steingardar som syner den gamle driftsforma mellom innmark og utmark.

Kommune: 
Institusjonskategori: