Borgund kyrkje

I siste halvdel av 1100-talet stod det truleg fire kyrkjer i Borgund: Peterskyrkja, Margaretakyrkja, Kristkyrkja og Matteuskyrkja (enno ikkje funne).
Peterskyrkja vart ombygd i 1632 og 1868.
Noverande Borgund kyrkje er bygd på restane av dei to fyrste kyrkjene.
Kyrkja idag er ikkje ein kopi av den gamle, men grunnrissa i kyrkjekunsten vart tekne vare på. Kyrkja vart bygd i ein blandings-stil med romansk-gotiske trekk. Treskurden er forsøkt laga i barokk stil. Kyrkja brann 13.04.1904, men vart attreist i 1907.
(Kjelde: Kyrkjelyden i Borgund).

Kommune: 
Institusjonskategori: