Bjørneremshellarane

Hellarane har vesentleg blitt danna ved utgraving av brenningane frå sjøen etter loddrette sprekker i fjellet. Sauehellaren ligg lengst til venstre (mot nord) og omlag 30 m.o.h. Lillehellaren ligg ved fjellfoten omlag 80m til høgre for Saue-hellaren, og omlag i same høgda. Følgjer ein fjellfoten oppover frå Lillehellaren mot venstre i omlag 10 meter, kjem ein til Geithellaren.
Sauehellaren og Lillehellaren vart delvis utgravne i 1912, og i begge vart det gjort to grupper av funn. Ein fann bein-restar av dyr, fugl og fisk og reiskapar av bein, stein og leire. Det vart òg funne eit ribbein av eit menneske. Ein fann òg restar av skjelett frå ein bjørn, derav namnet Bjørneremshellaren. Funna daterer seg til folkevandringstida, ca. 500 e.Kr. og tyder på at dei første romsdalingane truleg budde her. Alle funn som vart gjort under utgravingane i 1912, vert idag oppbevart på vitskapsmuseet i Trondheim.
(Tekst/foto: Midsund kommune).

Kommune: 
Institusjonskategori: