Bjønnastøtta

På Haugaskaret ved Rv.65 på grensa mellom Halsa og Surnadal kommune, finn vi ein liten rasteplass med ei oppsatt støtte. Etter tradisjonen var det den kjende bjørnejegaren Tølløv Person Foldal som skaut "Mannbjønnen". Det skjedde i området ved fjellet Hjelmen sommaren 1776. Bjørnen låg på ein flat stein og sov då han vart funnen, og Tølløv vekte han med desse orda:
- "Høy gut, no må du vakn opp, så ska du få morgosdrammen din!" Skyttaren hadde laga kule av ein sølvknapp, og for dette skotet måtte "Mannbjønnen" gi tapt.- "Paa saadanne Bjørne bider ingen Kugler, men kun en Sølvknap."
(Tekst/foto: Halsa kommune).

Kommune: 
Institusjonskategori: