Bautasteinane på Aspa

Det er tre bautasteinar på Aspa. Eine steinen er omlag 6m høg, to er litt lågare. Vi kjenner ikkje funksjonen og føremålet med bautasteinane, som truleg er frå førkristen tid. Bautasteinane vart kåra til Tingvoll kommune sitt kulturminne i 1997. I nærleiken av bautasteinane er det gravhaugar som truleg er frå jernalderen, 500-1000 år e.Kr. Staden Aspa har og ei rik historie. Her heldt ei av dei mektigaste ættene i seinmiddelalderen til. Ætta hadde sterke band til Erkebispesetet i Nidaros, og var på Olav Engelbrektson si side då han flykta frå Norge i år 1537.
(Tekst/bilete: Tingvoll kommune).

Kommune: 
Institusjonskategori: