Bakketunet - Galleri Bjørk

bakketunet
Bakketunet på Bjørke. Foto: Bakketunet
Tor Arne Moen
Kunstverk av Tor Arne Moen. Fotokjelde: Galleri Bjørk

Innst i Hjørundfjorden i kulturbygda Bjørke, ligg det freda Bakketunet med sine seks ærverdige bygningar der tømmeret i dei eldste husa er datert attende til 1549.

I tunet kan du oppleve kunstutstillingar integrert i tunet sitt miljø. Kvart år presenterer tunet nye hovudutstillingar med utøvande kunstnarar, og kvar søndag er det på plass ein ny og spanande "kammersutstillar" som viser unike kunst- og handverksprodukt.

Bakketunet er det eldste heilskapelege gardstunet på Sunnmøre med, etter seiande, den eldste grindløda i landet. Med dei historiske bygningane kan du kanskje kjenne deg sett attende til middel-alderen der stova, løda, stabburet, kufjøsen, smalefjøsen og stall hadde sine ulike funksjonar i eit fullverdig gardstun. I over 400 år har desse bygningane husa menneske og buskap i samspel for livet og komande slekter. Etter fleire år med restaureringsarbeide opna eigarane tunet for besøkande sommaren 2010.

For den hageinteresserte har tunet ein rik flora med blomar frå oldemor sin hage. For borna er det lagt opp til oppdagingsferder og inspirerande maleaktivitetar.

I stovebygningen, som inneheld to røykstover, kjøkken og kammers, er det kafé med sal av tradisjonell kaffimat. På tunet ligg den nyoppussa Kunstnarbustaden, eit sjarmerande innreidd hus frå 50 - talet som rommar mykje nostalgi. Huset kan leigast. Det er høve for gruppeomvisningar og skreddarsydde opplegg for grupper.

Kommune: 
Institusjonskategori: