Aure kyrkje

Aure var ei av 3 kannik-kyrkjer på Nordmøre og har vore kyrkjestad sidan 1430. Dagens kyrkje er bygd etter at korskyrkja frå 1726 brann grunna lynnedslag. Kyrkja er ei av dei største trekyrkjene i Møre. Altarskåpet (Mariaskåp) er frå kring 1460, døypefonten i barokk/rokokkostil er frå 1720 og altartavla i rokokkostil er frå 1730-93. Preikestolen i rokokkostil er frå 1923. Korskiljeveggen er laga etter modell frå Halsa kyrkje. I 1996 vart himlinga måla og brann-, innbrots- og lynvernanlegg montert.
(Kjelde: Kyrkjene i Møre).

Kommune: 
Institusjonskategori: