Aukra kyrkje

Gossen har i mange hundre år vore sentrum for store delar av ytre Romsdal i kyrkjeleg samanheng. Den første kyrkja som vart bygd, var truleg ei stavkyrkje frå 1430-talet. I 1648 blei det bygd ei halv korskyrkje til den delvis forfalte stavkyrkja. Denne kyrkja brann i 1709 etter lynnedslag.
I 1712 vart det satt opp ei ny korskyrkje som også brann pga lynnedslag i 1772. Det same skjedde med kyrkja som vart bygd i 1774. Den brann i 1834. Noverande kyrkjebygg vart oppført i 1835 og er ei åttekanta tømmerkyrkje med våpenhus og kor. Ho har m.a. ein modell av kyrkja frå 1774 (laga i 1842), altervingane, kalk og disk frå 1712. Klokka er frå 1865, og i 1879 fekk kyrkja orgel i gåve frå Bård Iversen, opprinneleg julsunding. Orgelet vart utskifta i 1995.
I den katolske tida hadde kyrkja store jordeigedomar. Etter reformasjonen 1537 la danskekongen kyrkjene og jordeigedomane inn under seg. Men kongen trong stadig meir pengar til krigføringa, og i 1725 vart Aukra og Vågøy kyrkjer selde til amtmann og bergråd Erik Must som i 1727 igjen selde kyrkjene til nokre bønder.
Noverande kyrkjebygg blei påbegynt i mai 1835, og denne åttekanta kyrkja står enno.
Opprinneleg var kyrkja utstyrt med 23 nummererte stolar på kvar side av midtgangen. Desse stolane var reserverte plassar for bøndene, og kvar gard hadde sin bestemte plass. Lengst bak i kyrkja og oppå lemmen over inngangsdøra var det benkar for husmenn og slike som leigde husrom hjå andre. Kyrkja har vore gjennom ein del reparasjonar og endringar sidan ho vart bygd. Kommunen overtok kyrkja i 1901 og då vart dei gamle gardsstolane fjerna. Frå no av var det fritt kor ein ville sitje, og samstundes vart den gamle gapestokken oppbrent.
Vengene på den noverande altertavla stammar frå altertavla frå 1712. I tillegg er disk og kalk og antemensale frå 1712 redda frå brannane. Kyrkja vart restaurert og påbygd i 1921.
Påskeliljemarka er ei stor eng med liljer attmed kyrkja. Dei første liljene vart planta av presten Alexander Borch (1696-1725). Han tok løkar med frå ei pilgrimsferd.
(Tekst/foto: Aukra kommune).

Kommune: 
Institusjonskategori: