Alnes fyr

Fyret har vore ombygd fleire gonger, med fyrmeister/familiebustad, uthus og naust i 1876 og fleire utbetringar i 1890-åra. I 1936 vart det bygd eit nytt trekledd vinkeljarntårn, 22.5m høgt. Denne tårntypen er relativt sjeldan i Noreg. I 1905 vart fyret oppgradert med eit fransk linseapparat av 4. orden.
Etter omfattande restaureringsarbeid har anlegget sidan 1993 også fungert som eit lokalt og regionalt kultursenter med m.a. fyrhistorisk utstilling.
(Kjelde: Norsk fyrhistorisk foreining)

Kommune: 
Institusjonskategori: