Åsskard kyrkje

Kyrkjebygginga var ein stor bygdedugnad der mange ytte gåver og innsats. Jørgen Christian Dreyer Aasgaard gav både altarsølv og kyrkjeklokker og fekk sin eigen plass fremst i kyrkja - "Jørn-stolen".
Smeden Jakobsen frå København smidde boltar, låsar og hengsler. Altartavla vart visstnok bygd av brørne Lars og Gudmund Brekken etter teikningar av Chr. Hovde. Måleriet av Jesus i Getsemane er laga av Konrad Valeur frå Kristiansund. Konservator Ola Seter stod for eit betydeleg restaureringsarbeid i 1930-åra. I 1932 kjøpte kommunen eit brukt trøorgel (Rannei-orgelet) frå Todalen kyrkje - og eit ungt musikartalent, Leiv Bæverfjord, lova å spela gratis til alle tenester! Han var organist fram til 1975. I 1952 vart det samla midlar til kjøp av eit brukt, 5-stemmers pipeorgel frå Fåvang kyrkje. Dette var i bruk til 1982, då kyrkja fekk nytt 10-stemmers orgel - bygd av danske Starup.
Piano vart innkjøpt på 1990-talet. I 1960 vart det bygd møterom (stove) ved tårnfoten, og inngangen vart flytta frå sør- til nordsida. Denne "Kyrkjestova" vart oppussa og modernisert i 2004, samstundes som kyrkja vart måla på dugnad.
I samband med 125-årsjubileet i 2001 vart det gjort utbetringar av kyrkja.
(Kjelde: Kyrkja i Stangvik og Surnadal).

Kommune: 
Institusjonskategori: