Åsen Bygdemuseum

Åsen
Åsen Bygdemuseum. Foto:ÅB.

Bygdemuseet ligg vakkert og familievenleg til på garden Åsen i Surnadal. Hus og utstillingar gjev kunnskap om handverkstradisjonar og levevis i Surnadal frå 1700-talets røykjestue til 1950-talets kjøkken med elektrisk straum.

Garden har gjennom tidene vore eit knutepunkt på fleire måtar, og har ei historie som soldatvertshus, skyss- og poststasjon frå 1600-talet til 1911 og kommunal aldersheim 1911-73.

Bygdemuseet er eit av anlegga i Surnadal Museum, i lag med Diktarheimen Kleiva og Svinviks arboret.
Museet ligg ved riksveg 670 på garden Åsen, om lag 5 km frå Skei i retning Kvanne fergekai.

Besøksadresse: Eidet, 6650 Surnadal
Kontaktperson: Maja Frønes, Museumskonsulent.
Tlf: 913 99 452
E-post: maja@nordmore.museum.no

Kommune: 
Institusjonskategori: