Ålvundeid kyrkje

Kyrkjebyggaren Ole Pedersen Tøfte ("Gammel-Tøftin") bygde kyrkja etter modell av Romfo kyrkje (1821), men kutta av ein alen på alle mål. Altartavla, laga av Peder Knutsen Bildsnider i 1725, vart kjøpt frå Kristiansund kyrkje i 1848.
Til 100-årsjubileet i 1948 fekk kyrkja ny preikestol, laga av Paul Ulvund, og døypefont, laga av Trygve Svisdahl. Kyrkja vart restaurert i 1955. Orgel vart kjøpt i 1957.
(Kjelde: Kyrkjene i Møre).

Kommune: 
Institusjonskategori: