Hareid kommune

Hareid kommune har eit areal på 82,3 kvadratkilometer.

Hareid kommune har eit areal på 82,3 kvadratkilometer. og en befolkning på 4895 pr. 1.april .2010.

Hareid kommunevåpen vart fastsett ved Kongeleg Resolusjon den 11. januar 1985. Motivet er tre opprette sølv piloddar, to over ein, på blå grunn. Våpen flagg, banner og segl er utforma heraldisk korrekt og i samsvar med originalteikningane, signert og datert Jarle Skuseth 1984.
Hareid kommune sitt kommunevåpen tek utgangpunkt i slaget ved Hjørungavåg i år 986.

Geografi
Hareid er en kommune og et tettstad på øya Hareidlandet i Møre og Romsdal. Den grenser i vest til Ulstein og er omgitt av øykommunane Giske og Sula i nord og aust, og over Vartdalsfjorden av Ørsta.

Grendene i kommunen er

Bigset
Bigset er en grend i Hareid kommune, med grense til Bjåstad i aust og Rise i vest. I Bigset ligger blant anna Snipsøyrdalen med Snipsøyrvatnet og badestranda Holesanden.
Det er også den grenda i Hareid kommune som ligger nærast Ulstein kommune. På Bigset er det barneskole og en barnehage. Her ligger også det over 100 år gamle Bygdatunet, der mellom anna Rasofiel Rise vaks opp.

Brandal
Brandal er ein tettstad i Hareid kommune i Møre og Romsdal. Tettstaden hadde 321 innbyggjarar per 1. januar 2009, og ligger på vestsida av Sulafjorden og på austsida av øya Hareidlandet omtrent fire kilometer nord for Hareid sentrum.

Hjørungavåg
Hjørungavåg er ei bygd med om lag 940 innbyggjarar i Hareid kommune på øya Hareidlandet.
I følgje Snorre var det her leidangshæren til Håkon Jarl slo jomsvikingane og en dansk invasjons hær i slaget i Hjørungavåg i år 986.

Nøyaktig kor slaget ved Hjørungavåg sto var lenge uvisst, men blant anna historikaren John Megaard har med rimelig sikkerheit påvist kor det sto. Håkon jarl og sonen Eiriks seier over den danske invasjonshæren, støtta av dei berykta jomsvikingane var et viktig skritt mot en reell rikssamling av Noreg. Kommunen tok derfor initiativet til en storstilt tusenårsfest i 1986. Fleire minnesmerke ble reist i Hjørungavåg, blant anna «Jarlebautaen» på Leira innerst i Liavågen og ikkje minst Nasjonalmonumentet ved Overåsanden. Bygda er frå før svært rik på ulike gravfunn frå eldre tid.
Hjørungavåg-spelet

Sogespelet «Maktkamp ved Hjørungavåg» ble framført første gang i 1986 ved nasjonalmonumentet på Overåsanden i Hareid kommune for å markere 1000 års minnet for slaget ved Hjørungavåg. Handlinga i spelet er lagt til tida før og under slaget mellom Håkon jarls hær og danehæren. Henning Sommerro har komponert musikken til spelet. Wibeke Knagenhjelm skrev manuskriptet som innbyr publikum til å ta del i maktkampen.

Fritid, kultur og idrett
Kulturlivet i Hareid er rikt og variert , og kulturkontoret arbeider for å bevare, styrke og utvikle vidare den viktige ressursen som ligg i arbeidet frivillige lag og organisasjonar legg ned, for å skape opplevingar, trivsel og god helse i kommunen vår.

Hareid kommune har stor aktivitet innan idrettslivet, med nyanlegg både for kunstgrasbane, golfbane og rulleskøytebane.

Naturen i kommunen gir gode muligheiter for eit variert friluftsliv, med fjell, fjord, elv og vatn som grunnlag for turliv, jakt og fiske.
Kulturkontoret arbeider med dei faste institusjonane Ishavsmuseet, Bygdetunet Vonheim, Hjørungavågspelet og Hareidsstemna, biblioteket, tilskot til lag og organisasjonar, barne- og ungdomstiltak, interkommunalt ungdomsarbeid, kulturvern, kunst- og kulturformidling, opplevingsparken, Hareidhallen/symjehallen, Trudvang.

Næringsliv
Hareid har primærnæringane fiske og jordbruk vore viktige. Og i nyare tid har kommunen utvikla ein svært variert industri.
Møbelindustri, store verksemder innan fisketilverking, mange bedrifter relatert til maritim skipsindustri, tre- og byggevareindustri, betongindustri, varehandel og transport er berre nokre av døma på det mangfaldige næringslivet i Hareid. Dei største arbeidsplassane ligg i Hjørungavåg og Hareid sentrum.

Hareid kommune ligg geografisk gunstig plassert for å bli ei framtidig bu- og næringskommune.
Kommune har ein allsidig industri. Av dei største bedriftene kan nemnast:
Norway Pelagic, Rolls Royce Marine, Libra Plast, Ekornes, Franzefoss Gjennvinning, Odim, Spenncon, Jets, Vital Base, Hareid Elektriske, Stromek og Kvalsvik Produksjon.
Kommunen ligg på aksen mellom Ulstein og Ålesund og har eit godt og teneleg service- og tenestetilbod.

Kommune: