Giske kommune

Kommunen er 40 kvadratkilometer stor og har knapt 8000 innbyggjarar fordelt på dei 4 øyane Vigra, Valderøy, Giske og Godøy.

 

Kommunen har eit særprega kystmiljø med storslått natur og idylliske fiskevær, og kommunen har dei seinare åra vore i positiv utvikling med mykje nybygging, eit blømande næringsliv og med styrking av sjølvkjensle og eigenart.

Vigra er den største av øyene i Giske kommune og Ålesund lufthamn er plassert midt på øya, og utgjør den viktigaste arbeidsgjevaren. Vigra er forbundet til fastlandet via bru til Valderøy, som i sin tur er forbundet med undersjøisk tunnel til Ålesund via Ellingsøy. Vigra har et flatemål på 20 kvadratkilometer, og er relativt flat med bare småfjell. Høgaste naturlige punkt er Molnesfjellet med sine 128 meter over havet. Norkring drifta i mange år en kringkaster på Synnes som var 180 meter høy. Masta, som lå delvis i innflyginga til Ålesund lufthamn var gjenstand for mye debatt og har tidligere blitt bygget ned frå 242 meter for å være til mindre sjenanse for flytrafikken. Vigramasta vart tatt ned 8. september 2011. 

Valderøy eller Valderøya er den mest folkerike i kommunen og her ligger kommunesenteret på Valderhaugstrand. Øya har eit areal på 6,5 kvadratkilometer. I vest ligger Ytterland og Skjong. På den sørlige delen ligger Valderhaug, og på den austlige delen ligger Nordstranda og Skaret. Litt lenger nord er Oksnes og Sætra. Det er bruforbindelse (Giskebrua) til øya Vigra over Gjøsund og undersjøisk tunnelforbindelse (Valderøytunnelenn) til Ellingsøy og Ålesund. I tillegg er det bruforbindelse til øya Giske, som igjen har tunnelforbindelse til Godøya. Valderøy kan seies å være ein nær forstad til Ålesund, og har derfor hatt jamn folketilvekst sidan det er kort veg og god kommunikasjon til både Ålesund sentrum og de indre bydelar.

Giske er den minste øya i Giske kommune. Øya har et areal på 2,67 km². Ørnebakken (26 moh.) er øyas høgaste punkt. Giske fikk fastlandsforbindelse i 1987, da Giskebrua til Valderøy stod ferdig. Giske fikk seinare utvida vegforbindelse til Godøy gjennom Godøytunellen som opna i 1988. Namnet Giske er trulig avleda av norrønt gizki (duk eller klut), som viser til øyas flate form. Giske var sete for fleire mektige slekter; slekta til Ragnvald Mørejarl, Arnungeætta frå 900-tallet, og Giskeætta vidare oppover i middelalderen.

Godøy eller Godøya er den vestligaste av øyene i Giske kommune. Øya er 10,87 km². Fiske og fiskeforedling var en av de viktigaste næringsveiene, og banklineflåten i Geilevika er en av de største i Noreg. Landskapet er berglendt, og Storehornet (497 moh.) er det høgaste punktet. I søraust er det en del dyrkbar mark i kystsona. På fjellet er det et fiskevatn. Yttarst på Alnes, nordaust på øya, står det et freda fyr. Kulturlandskapet rundt fyret er verneverdig.

Historie

Giske kommune har ei spesielt rik kulturhistorie, med fleire gravfunn og fornminne som fortel om busetnad i fleire tusen år. Vigra: Det er gjort rike funn av gravhaugar og busetnad frå jernalderen, og lokale stadnamn på øya stammer tilbake frå denne perioden. I følgje tradisjonen kommer Gange-Rolv og Ragnvald Mørejarl frå Vigra. Vigra var del av Haram herad fram til 1. januar 1890, da den ble skilt ut som egen kommune, Roald herad. 1. januar 1919 ble namnet endra til Vigra herad, og i 1964 ble herada Vigra og Giske slått saman til Giske kommune. Valderøya: Skjonghelleren på Valderøya er et verdifullt fortidsminne med avleiringar som blant anna viser korleis den magnetiske Nordpolen har endra seg. Man har også funnet rester av fuglar og andre dyr som er om lag 30 000 år gamle, og det er funnet 10 000 år gamle spor etter menneskjer. Høgaste naturlige punkt på Valderøy er Signalen som ligger 231 meter over havet. Giske: Øya har fornminne frå mange epokar, for eksempel Mjelthaugen frå bronsealderen, Giske kyrkje frå middelalderen og det tidligare Giskegodset. Det historiske Giskespelet, som blir framført annen kvar sumar, fortel om sagaen til Arnungane. Godøya: Eilivrøysa på Hogstein sør på Godøya er det en stor gravhaug frå bronsealderen. Like ved er også Hogstein fyr, som nå er freda.

Kultur og fritid

Kulturlivet i kommunen vert skapt gjennom glødande innsats frå store og små innan idrett, lag og organisasjonar. Kommunen har dei seinare åra satsa spesielt på barne- og ungdomsarbeid, der arbeidet med bl.a. Ungdommens Kulturmønstring (UKM) og forskjellige tiltak som Ungdomsrådet og fritidsklubben på Valderøy ungdomskule.

Næringsliv

 Giske er tufta på fiske, fangst og handel grunna nærleiken til havet og dei gode fiskeria ved og utanfor Mørekysten. I januar 2010 var det registrert 973 firma med adresse i Giske kommune - 271 er aksjeselskap og i alt 454 firma er registrerte i Foretaksregisteret. Vekta ligg enno på primærnæringane og fiskeria, men der er òg mange aktive og større verksemder innanfor transport- og flyplasstenester, interiør- og trevareproduksjon og teknisk/ maritim industri - for å nemne nokre. Mange har arbeid ved Ålesund Lufthamn Vigra, den største flyplassen mellom Bergen og Trondheim med omlag 3/4 mill. reisande årleg.

Skular/ barnehagar

Det er eit godt utbygt grunnskuletilbod i kommunen, og kort reiseveg til høgskulesenteret i Ålesund. Det er barneskular på alle dei fire øyane og ungdomsskular på Godøy og Valderøy. Kommunen har og kulturskule med omlag 330 elevar. I kommunen finst fleire typar barnehagetilbod, både private og kommunale. 

Bustadar/tomter/industriareal

Tomter og bustadar er enno rimelege i Giske. Kommunen planlegg å leggje ut ei rekkje bustadtomter for sal dei næraste åra, i tillegg til private tilbod som finst gjennom eigedomsmeklarar. Giske har store areal regulert til industriutvikling - spesielt knytt til områda ved flyplassen, Gjøsundet og den nye fiskerihamna i Geilevika på Godøya.

Helse-, omsorgs- og sosialtenester

Giske har ei yngre befolkning enn gjennomsnitt i Noreg og Møre og Romsdal, og har difor lågare registrert behov for hjelpetiltak enn vanleg. Helsevern og sosial omsorg er likevel ei svært viktig kommunal oppgåve, og er ein av dei tyngste sektorane i kommunen. 

Kommunen yter eit breitt spekter av omfattande helse,- omsorgs- og sosialtenester til personar i alle aldre. Giske kommune har over mange år satsa målretta på at innbyggarane så langt råd skal kunne få tilbod om naudsynt hjelp utan å vere nøydde til å flytte ut av eigne heimar. Pr 01.01.2014 disponerer kommunen tilsaman 155 bustader/plassar i bukollektiv, bufellesskap, institusjon og frittliggande omsorgsbustader, tilpassa personar med meir omfattande pleie- og omsorgsbehov. 106 av desse er lokaliserte i bukollektiv, bufellesskap og institusjon med individuelt tilpassa tilbod om heildøgns bemanning, herav er det 19 (11 nye og 8 gamle) som kommunen pr april 2014 ikkje har driftsmidlar til.

Kjelde: Giske kommune

Oppdatert 04.04.2014 

Kommune: