Tingvoll kino


Tingvoll kino vert frå oktober 2014 driven av Tingvoll kinolag, eit initiativ av frivillige i samarbeid med kommunen, Tingvoll Brygge og Fjordhotell og medielinja ved Tingvoll vgs. I regelen vert det vist to filmar annakvar sundag.
I tillegg er det eigne arrangement med film i samband med t.d. Kulturvekkå og Den store kinodagen.

BILLETTAR: Billettar kjøper du i døra før kinoframsyninga, eller du kan førehandstinga ved å senda
ein epost til tkinolag@gmail.com. Me tek både kontantar og kort.

BILLETTPRISAR: Vaksen, ordinær kr 100 - medlem i Tingvoll kinolag kr 90 Barn, ordinær kr 80 - medlem kr 70

MEDLEMSKAP: Medlemskap i Tingvoll kinolag kostar 100 kr for enkeltpersonar, 250 kr for familie. For å verta medlem kan du anten senda ein epost til tkinolag@gmail.com  eller betala inn medlemsavgifta direkte til kontonr. 3910.50.70474. Hugs å merka innbetalinga med namn og epost!

kommune: