Sunnmøre Middelalderfestival

Sunnmøre Middelalderfestival. Fotograf: Jan Aakvik
Sunnmøre Middelalderfestival. Fotograf: Jan Aakvik
Dato: 
Måndag, 2 juli, 2018 til Tysdag, 3 juli, 2018

Gjennom festivalen tek vi deg tilbake til kystbyen Borgund si storheitstid på 1200-talet. Festivalen utspelar seg på området ved Middelaldermuseet – der byen Borgund i si tid låg. Borgund var som kjent dåtidas viktigaste handelssentrum mellom Bergen og Trondheim; ein møtestad for impulsar og varer frå heile den kjente verda.

På festivalarenaen vil du oppleve leik og fysisk utfolding, lydar, lukter og fargar iscenesatt mellom anna av gjøglarar og musikarar, riddarar og bogeskyttarar, handverkarar, kremmarar og boder med tidas mat og drikke.

Arrangeres annekvart år. Velkomen i 2018.

kommune: