Smak av Ulstein

Bror Magne Tødenes i 2013 på Sjøborg Kulturhus. Foto: Smak av Ulstein
Bror Magne Tødenes i 2013 på Sjøborg Kulturhus. Foto: Smak av Ulstein
Dato: 
Onsdag, 7 juni, 2017 til Søndag, 11 juni, 2017

Smak av Ulstein vert arrangert i Ulsteinvik, på Sunnmøre. Arena er Sjøborg kulturhus og kulturallmenningen. Smak av Ulstein har lange tradisjonar (tidlegare under namnet «Ulsteindagane»), og vert arrangert av kulturkontoret i Ulstein i samarbeid med lokale organisasjonar, butikkar og næringsliv.

Bakgrunnen for Smak av Ulstein er eit ønskje om å skape gode opplevingar i ein by med sterk utvikling og vekst. Programmet er variert og mangfaldig, med hovudfokus på konsertar og andre arrangement med/i regi av lokale aktørar - men festivalen byr også på nasjonale artistar. Smak av Ulstein sitt mål er å vere glade dagar med kultur og handel hand i hand, og vi ønskjer at festivalen skal skape bulyst og identitet, i tillegg til å vere med å motivere kulturlivet, næringslivet og lokalsamfunnet for vidare innsats og engasjement.

kommune: