Matrikkelutkastet av 1950

Matrikkelutkastet frå 1950 er ei samling av omtrent 85.000 lister over fast eigedom i Noreg. Listene er ordna etter stigande gardsnummer innafor kvar kommune. Listene er utarbeidde av Finansdepartementet.
Matrikkelutkastet inneheld ikkje data for bykommunar. Ein finn med andre ord ikkje informasjon om Oslo, Bergen, Trondheim, osb. Derimot var ikkje kommunesamanslåinga komen så langt på denne tida, slik at ein td. kan finne informasjon om Strinda ved Trondheim.
På austlandet var Aker på dette tidspunktet innlemma i Oslo, så ein finn ikkje dette heradet i matrikkelen.
Matrikkelrevisjonen vart aldri fullført, difor manglar opplysningar frå Finnmark fylke, og dette er grunnen til at ein snakkar om eit utkast.
I listene finn ein namnet på gardsbruk, villaer, fridtidseigedomar, parsellar, offentlege og private institusjonar, osb.
Matrikkelutkastet er eit sentralt hjelpemiddel for namnekonsulenttenesta i staten, og vert brukt i arbeidet med å normere stadnamna. Fordi matrikkelutkastet også inneheld namnet til grunneigaren, kan arkivet også vere nyttig for personnamnforskarar.